CROSSFIT KIDS

CrossFit Kids er eit tilbod for barn i alderen 5-12 år. CrossFit Kids gir barna ein introduksjon og tilnærming til CrossFit gjennom leik og trening. Her blir barna utfordra i motoriske ferdigheter for å utvikle smidighet, koordinasjon, balanse, fart, fleksibilitet og styrke.

Vårt mål er at barna skal ha det kjekt ilag samtidig som ein blir utfordra på bevegelse, teamarbeid og oppbygging av sjølvtillit. I kvar treningsøkt vil ungane trene på funksjonelle bevegelsar, dette er grunnleggande øvelsar som barna gjer i det daglege. Det inkluderar bevegelsar som å trekke, skyve, springe, kaste, klatre, løfte og hoppe - dette vil auke både styrke, uthald og fleksibilitet. Den allsidige treninga er blant anna med på å forebygge eventuelle belastningsskader frå annan aktivitet og er derfor eit ideelt supplement til enten barn som er stillesittande eller barn som er i full aktivitet.

Våre coachar er sertifiserte gjennom CrossFit Inc. og er kursa spesielt for CrossFit Kids.

Treningstider: Kvar torsdag

Siste år i barnehage + 1.-3.klasse kl 17:05 til 17:50

4.klasse og ut 7.klasse kl 18:00 til 18:45

399,- i mnd.

Medlemskapet har ingen bindingstid, men vil automatisk bli fornya til ein ny mnd. Om ein vil avslutte medlemskapet sender ein mail til post@crossfitvolda.no, seinast 5 dager før fornying. I sommarferien blir alle medlemskap avslutta.

10 plassar i kvar gruppe.

OBS: Vi følg skuleruta: ingen trening i feriar eller helligdagar

TA KONTAKT PÅ MAIL: post@crossfitvolda.no ved spørsmål.

Første trening etter skuleferien: torsdag 21. august

OBS: CF TEENS (UNGDOMSSKULEALDER) HAR EIGA PÅMELDING !!!